Haram Frivilligsentral 2015
Publisert 02.11.15

 

 

Opning av Friluftslivets år 2015! 
10950302_10152494301831548_521187825_o.jpg

Lagt inn 27.01.15

Haram Frivilligsentral feira opninga av Friluftslivets år 2015! i parken i Brattvåg, 22. januar 2015. Det vart servert suppe av elevar og lærarar i 5. og 6. trinn ved skulen, og kommuneadministrasjonen la lunsjpausen utandørs. 

 

Haram Frivilligsentral ser seg nøgd med arrangementet som markerte starten av friluftsåret vi har gått inn i. Med mange spanande nyhende på friluftsfronten var det på sin plass å markere året, og det skjedde i parken i Brattvåg.

Arrangementet skulle eigentleg gå av stabelen 13. januar, men grunna sterk vind lot det seg ikkje gjennomføre. Vi var langt heldigare med vêret torsdag 22.01., og med flott sol og minusgrader vart det rett hyggelig. Klokka 11:00 vart båla tende! 

I lunsjpausen tok ordføraren med seg sine kollegaer i kommuneadministrasjonen for utelunsj i parken, kor det vart servert grønsakssuppe. Friluftsrådet for Ålesund og omland var representert, og heldigvis for frossne vikingtauser fekk vi hjelp til å sette opp vikingteltet. To bål brann medan elevar ved skulen fekk grille pølser, og leike vikingleikar. Det var mykje aktivitet i vikingleiren medan dette føregjekk, med leikar som "rævkrok", "føde bjørn" og tautrekking. Elevane kosa seg stort, og det gjorde også hjelparar og tilskodarar. Til stor jubel og heiing kom mange "småbjørnar til verda.Medan ungane leika seg hang kaffien til koking over bålet, og lukka var komplett for store og små. 

Etter skuleslutt var det ikkje fullt like mange innom leiren, men ein jamn straum med menneske stakk hovudet innom teltopninga for å sjå kva som føregjekk og slå av ein prat. Bålet var ope for alle som ville grille pølser, eller ta seg ein kopp kaffi. Utover kvelden dukka det opp ein marshmallow eller fire over elden også, og mange tok turen innom. 

Overnattinga vart fin, og det freista til gjentaking! 

 

Interkommunalt samarbeid om treff for mennesker med funksjonsnedsetting.

p1000792.jpg

Fem kommuner samarbeider om aktivitetsdag for utviklingshemma: Haram, Skodje, Ørskog, Stordal og Nordal.

Det er tredje året på rad at vi samarbeider om aktivitetsdagar. Frivilligsentralane står som koordinatorar og tilretteleggarar. Det er eit nært samarbeid med folkehelsekoordinatorane og frivillige og frivillige lag og organisasjonar.

Det er kvar sin gang å arrangere aktivitetsdag, noko som har ført til at det har blitt fem nye tilbod for denne gruppa. Aktivitetsdagen  har fokus på fysisk aktivitet og vi er gjerne ute. Men det sosiale er viktig og vi kjem ikkje utanom dansen :)

Om du har innspel eller ynskjer å vere frivillig under ein slik aktivitetsdag er det berre å ta kontakt med frivilligsentralen i di kommune.

Laurdag 13 august var det aktivitetsdag på Eidet kulturhus og der var nokk posten motorsykkeltur i sidevogn noko av det som blei mest poppulært.

Internasjonal kafe m. tema Afrika

For ein femtilapp kunne ein få afrikask bufe, sterk og god mat! 

Dette er andre gangen vi prøver internasjonal kafe. Denne gangen laga vi mat frå Afrika. Kokkane var det ein kan kalle internasjonale. Både Polen, Tyskland, Norge, Somalia, og Eritrea var representert.

Neste kafe blir til hausten, kom gjerne med forslag til tema. Ta kontakt med frivilligsentralen.

Hilsen Elin-Grete Vatnehol

Internasjonal Kafe 

1. mai hadde vi vår første internasjonale kafe i kirkekjellaren i Brattvåg.

Haram Frivilligsentral i samarbeid med kyrkja ynskjer å ha ein kafe der vi kan møtast på tvers av nasjonalitetar og matkultur.

Det er dei som brukar kafeen som er med på å utvikle konseptet. Sjølv om den første samlinga var i kyrkjekjellaren så blir dei neste på Brattvåg barneskule.

Har du lyst å lære å hjelpe til og lage mat frå ulike kulturar så ta kontakt med frivilligsentralen.

Vil du lese om neste kafe 5.juni klikk på lenka under så får du fram plakaten.

internasjonal_kafe_afrika_pdf.pdf

Tildeling frå Gjensidigestiftelsen

Haram frivilligsentral har fått tildelt 8000 kr. frå Gjensidigestiftelsen. Pengane skal gå til og har gått til innkjøp av redningsvestar.

Frivilligsentralen kan no låne ut redningsvestar til skular, frivillige lag og organisasjonar, ulike prosjekt osv.

Det kan vere slik at ein har prosjekt som skal gjennomførast der det krevst redningsvestar. Kanskje manglar ein nokre, då kan de ta kontakt med frivilligsentralen.

Vi har også eit førstehjelps-skrin til bruk i båt og eit til bruk på land. Dette er også til utlån.

Helsing leiar Elin-Grete Vatnehol

Vi har hatt besøk frå Vietnam!

Frå 31. august til 4. september var Haram vert for ei gruppe utviklingshemma frå Vietnam.

Frå 4. sep. til 6. sep. var dei i Ålesund og deltok på landscup for utviklingshemma. Her i Haram budde dei på klubbhuset til Brattvåg IL.her blir frokosten laga av Thin (leiar)

Jule fest på bedehuset julaftan

dsc_0136.jpg

Fotokurs på Brattvåg Bibliotek Fredag 8. mai kl.16-18

brattv_g_bibliotek_2_fredag_8.jpg

På fredag var vi på tur!

Leiar på frivillegsentralen var så heldig å få bli med flyktningekonsulent Marit Gaustad og den nye medarbeidaren hennar Marianne Gran på tur.Som ein del av introduksjonsprogrammet for flykningane var vi ute på det norskeste av det norske, ut å gå i skog og mark. Særlig når våren bryt seg fram med kvitveis, hestehov og fuglesong appelerar dette til både syn, hørsel og smak. Kvifor smak? Vel ein går vel ikkje tur uten kviklunsj?

 

 

 

 

Galleri Haram Frivilligsentral

Velkommen til vårt galleri! Send gjerne inn bilete på e-post, dersom du har lyst å publisere fine bilete frå den vakre kommunen vår! 

Opningstider: 

I hovudsak måndag - fredag 08:00 - 16:00

 


Besøksadresse: 

Dalevegen 46
6270 Brattvåg

 

Kontakt: 

Tlf. 957 09 923

 

Om oss:

Frivilligsentralane er aktive bidragsytarar i lokal-
miljøet. Gjennom å initiere og koordinere aktivitetar og tiltak er vi med og styrkjer nærmiljøutvikling og kulturelt mangfald.

 

 

 

 

fb_icon_325x325.png
kommunevaapen_original.jpg
logo_frivillig.no_crop.gif
temabilde.jpg
Design og CMS: Osberget

Haram Frivilligsentral | Dalevegen 48 | 6270 Brattvåg