Frivillig? 

 

Oppdatert 21.01.15

Kva er ein frivillig? Sjansen er stor for at du allereie har vore det... Mange gongar. 

Ein frivillig er nokon som brukar litt av si eiga tid for å hjelpe andre. Samfunnet vi lev i er bygd opp av frivillig arbeid, dugnad er eit ord me kjenner godt her til lands, og kven har ikkje hjulpe naboen eller besta med eittkvart som skulle gjerast. 

Som frivillig i ein frivilligsentral treng du ikkje vere redd for å bli nedringt til alle døgnets tider, tanken er at du kan dele av di erfaring og tid til det du sjølv vil og har overskott til - dersom du har lyst. Det handlar om å vere med på dei aktivitetane som gir deg noko tilbake, i form av til dømes gleda av å kunne hjelpe andre, sosialt samvær eller energi av å gå ein tur ilag med nokon. 

I meny-fana til venstre kan du sjå kva aktivitetar sentralen jobbar mest med akkurat no. I tillegg til desse aktivitetane foregår det ein heil del dagsarrangement, og andre saker er under planlegging. 

Vel møtt som frivillig! 

Opningstider: 

I hovudsak måndag - fredag 08:00 - 16:00

 


Besøksadresse: 

Dalevegen 46
6270 Brattvåg

 

Kontakt: 

Tlf. 957 09 923

 

Om oss:

Frivilligsentralane er aktive bidragsytarar i lokal-
miljøet. Gjennom å initiere og koordinere aktivitetar og tiltak er vi med og styrkjer nærmiljøutvikling og kulturelt mangfald.

 

 

 

 

fb_icon_325x325.png
kommunevaapen_original.jpg
logo_frivillig.no_crop.gif
temabilde.jpg
Design og CMS: Osberget

Haram Frivilligsentral | Dalevegen 48 | 6270 Brattvåg