Utstyrsbase

Kjekt å kunne leike seg i skogen med taubru
Foto: M. Alvestad
Kjekt å kunne leike seg i skogen med taubru Foto: M. Alvestad

Oppdatert 27.01.15

Utstyrsbasen Haram Frivilligsentral organiserar er bygd opp av ulike delar, i hovudsak friluftsutstyr frå Friluftsrådet for Ålesund og omland, maritimt utstyr og etterkvart sportsutstyr. Utstyret kan lånast av til dømes skular, organisasjonar og lag, som har ansvar for å levere det attende i same stand som det vart lånt ut. 

Frivilligsentralen tar gjerne i mot pent brukt sport- og friluftsutstyr til sin utstyrsbase. Til dømes ski og sko i storleikar som passar for skuleelevar, skeisser, gamle men brukandes telt, soveposar osb. 

 

Friluftsutstyret frå Friluftsrådet for Ålesund og omland

Denne pakka inneheld: 

1   lavvo
1   komplett bålpanne med utstyr; grillrist, suppegryte, kaffikjel, popcornmaker ++
10 teleskop-grillspyd
1   øks
2   taubruer
2   gps'ar; til dømes til geocaching
1   kubb (vikingspel) 

Pakka inneheld også idépermar med forslag til aktivitetar. 

Anna friluftsutstyr

Frivilligsentralen disponerar nokre liggeunderlag.

Maritimt utstyr

Haram Frivilligsentral fekk midlar frå Gjensidigestiftinga til å kjøpe redningsvestar og førstehjelpsskrin. 

 

NB! Minner om at Friluftsrådet for Ålesund og omland har friluftsutstyr til utlån om ein skulle trenge meir enn kva frivilligsentralen kan tilby! 

Opningstider: 

I hovudsak måndag - fredag 08:00 - 16:00

 


Besøksadresse: 

Dalevegen 46
6270 Brattvåg

 

Kontakt: 

Tlf. 957 09 923

 

Om oss:

Frivilligsentralane er aktive bidragsytarar i lokal-
miljøet. Gjennom å initiere og koordinere aktivitetar og tiltak er vi med og styrkjer nærmiljøutvikling og kulturelt mangfald.

 

 

 

 

fb_icon_325x325.png
kommunevaapen_original.jpg
logo_frivillig.no_crop.gif
temabilde.jpg
Design og CMS: Osberget

Haram Frivilligsentral | Dalevegen 48 | 6270 Brattvåg