Småbarnstreff

Oppdatert 21.01.15

Småbarnstreff er ein moglegheit for foreldre og barn til å møte andre i samme situasjon og aldersgruppe, for sosialt samvere og erfaringsutveksling.

På Vatne foregår treffa hjå SUKK Kreativ kafé, onsdagar i oddetalsveker, frå 11.00-13.00. Her er det mogleg å kjøpe ein kopp kaffi og noko å ete, men det er ikkje kjøpeplikt. Dette treffet plar vere godt besøkt, og ein vil gjerne oppmode foreldre frå andre stadar i kommunen om å besøke Vatne og Silje Ulvestad Kandal sin fine kafé! 

I Brattvåg er treffet tysdagar i oddetalsveker, 12.00-14.00. Her foregår treffa i frivilligsentralen sine koselige lokalar. Her kan ein gjere det til det ein sjølv ønskjer. Det vil etterkvart bli mogleg å lage enkel mat, og det er plass til mange. Heis til lokala sørgjer for at ein kan ta med seg vogna opp, og det er veranda med tak slik at minsten kan sove ute om ein vil det. 

Småbarnstreff Haram har også ei FB-gruppe som det går an å melde seg inn i og fortelje om sine opplevingar og eventuelle ønskjer. 

Vel møtt! :) 

Opningstider: 

I hovudsak måndag - fredag 08:00 - 16:00

 


Besøksadresse: 

Dalevegen 46
6270 Brattvåg

 

Kontakt: 

Tlf. 957 09 923

 

Om oss:

Frivilligsentralane er aktive bidragsytarar i lokal-
miljøet. Gjennom å initiere og koordinere aktivitetar og tiltak er vi med og styrkjer nærmiljøutvikling og kulturelt mangfald.

 

 

 

 

fb_icon_325x325.png
kommunevaapen_original.jpg
logo_frivillig.no_crop.gif
temabilde.jpg
Design og CMS: Osberget

Haram Frivilligsentral | Dalevegen 48 | 6270 Brattvåg