Besøksvennordningar i Haram 
Publisert 24.02.16

Det er fleire av organisasjonane i Haram som har besøksvennordningar. Haram Frivilligsentral ønskjer å hjelpe til med å styrke dei eksisterande tilboda i kommunen, og sender difor alltid dei som vil vere med i ei slik ordning til dei som kan det aller best; nemlig organisasjonane. Som besøksvenn gjennom organisasjon får du god oppfølging og kursing. Les om dei ulike ordningane under. 

 

Røde Kors - Besøksvenn 

Røde Kors Omsorg har i Haram besøksordningar i Vatne/Tennfjord, Brattvåg og på Haramsøy. Ta kontakt med dei forskjellige avelingane i ditt nærområde for å bli med i ordningane. For å vere besøksvenn må du delta på kurs, som gjer deg eigna til å handtere ulike situasjonar. 

Dersom du har ein eigna hund arrangerer Røde Kors eigne kurs for hund og eigar, slik at du kan vere besøksvenn med hunden din. Dyr er ei stor glede i kvardagen for mange eldre som ikkje har anledning til å ha eigne dyr. 

Generell informasjon om Røde Kors besøksvenn her. Brattvåg Røde Kors (med avdeling Haramsøy) har meir info og kontaktinformasjon her.  Vatne Røde Kors kan du lese om her

 

Nasjonalforeningen for folkehelsen - Aktivitetsvenn for demente

Nasjonalforeningen for folkehelsen etablerer tilbodet Aktivitetsvenn. Målet er at personar med demens skal få fleire aktivitetar og gode opplevelser i kvardagen.

Den frivillige aktivitetsvennen og personen som har demens vil gjere aktivitetar ilag,  som å gå på tur, gå på taterforestillingar eller på kino, spele spel, fiske, male, gjere hagearbeid, eller berre møtast for ein kopp kaffe og ein liten prat.

 

Med ein aktivitetsvenn kan personar med demens få muligheten til å fortsette sine vanlige aktivitetar. Fritidsaktivitetar og gode opplevingar har positiv effekt. Sjølv for menneske der sjukdommen er så langt komen at opplevingar raskt vert gløymt, viser det seg at dei gode kjenslene og stemninga varer. Dette er henta frå Nasjonalforeningen for folkehelsen si heimeside.

I Haram har vi eit samarbeid mellom Nasjonalforeningen for folkehelsen (og helselaga), kommunens demensteam og frivilligsentralen om Aktivitetsvenn. Dei som er frivillige aktivitetsvennar går gratis kurs, og får oppfølging undervegs. Det er opning for samtalar med demensteamet dersom det oppstår situasjonar som krev handtering. Det skal vere ei god oppleving for alle partar å vere aktivitetsvenn. Før du får tilbod om nokon å vere aktivitetsvenn for, vert både du og dei som treng aktivitetsvenn kartlagt for å finne ut om de passer ilag med felles interesser.

Dersom du har lyst å bli aktivitetsvenn kan du kontakte Haram Frivilligsentral.

 

Opningstider: 

I hovudsak måndag - fredag 08:00 - 16:00

 


Besøksadresse: 

Dalevegen 46
6270 Brattvåg

 

Kontakt: 

Tlf. 957 09 923

 

Om oss:

Frivilligsentralane er aktive bidragsytarar i lokal-
miljøet. Gjennom å initiere og koordinere aktivitetar og tiltak er vi med og styrkjer nærmiljøutvikling og kulturelt mangfald.

 

 

 

 

fb_icon_325x325.png
kommunevaapen_original.jpg
logo_frivillig.no_crop.gif
temabilde.jpg
Design og CMS: Osberget

Haram Frivilligsentral | Dalevegen 48 | 6270 Brattvåg