Aktivitetar ved Haram Frivilligsentral

firkanta_1.jpg

Oppdatert 21.01.15 

Målet for Haram Frivilligsentral er å vere ein stad kor folk kan møtast og dele sine erfaringar og interesser. Sentralen arbeidar aktivt for å vere ein stad for alle, og har forskjellige aktivitetar som er tilpassa ulike brukargrupper for å få eit så vidt tilbod som mogleg. 

Det er veldig viktig for Haram Frivilligsentral å ikkje vere ein konkurrent for dei ulike laga og organisasjonane i kommunen, men ein samarbeidspartnar. Sentralen ønskjer å vere ein god tenesteytar ovanfor både publikum og organisasjonane, difor hender det ofte at frivilligsentralen kan vere eit bindeledd mellom eksisterande tilbod og behovet den enkelte opplever. 

Lag og organisasjonar har høve til å nytte lokala til frivilligsentralen til aktivitetar som er opne for fleire å delta på. Privatpersonar må gjerne ta kontakt med frivilligsentralen dersom ein har gode idear til aktivitetar som kan fengje fleire, feks spelkveldar, lesesirkel, studiegrupper o.l. 

Opningstider: 

I hovudsak måndag - fredag 08:00 - 16:00

 


Besøksadresse: 

Dalevegen 46
6270 Brattvåg

 

Kontakt: 

Tlf. 957 09 923

 

Om oss:

Frivilligsentralane er aktive bidragsytarar i lokal-
miljøet. Gjennom å initiere og koordinere aktivitetar og tiltak er vi med og styrkjer nærmiljøutvikling og kulturelt mangfald.

 

 

 

 

fb_icon_325x325.png
kommunevaapen_original.jpg
logo_frivillig.no_crop.gif
temabilde.jpg
Design og CMS: Osberget

Haram Frivilligsentral | Dalevegen 48 | 6270 Brattvåg